Taryn Simon sine fotografi Plants (prohibited) er ein del av ein større serie med tittelen Contraband. I fem dagar og netter hausten 2009 oppheldt kunstnaren seg på flyplassen John F. Kennedy i New York og fotograferte over tusen konfiskerte gjenstandar tekne frå passasjerar og frå pakkar sendt som flypost. Contraband viser korleis dei materielle tinga er med på å definere ein stad. Kva tek vi med oss frå stadene vi vitjar, og kvifor? Med tida vil gjenstandane bli meir framandarta for tilskodaren og få ein annan valør.
Kunstverket består av 16 fotografier som er plassert i 3 bokser av plexiglass.